Skip to content

Posts tagged ‘RSP’

28
Dec

Hålogalandslaget – Tar Over

Hålogalandslaget tar over med ny låt som går over ein remix av Tee Productions sin “Taking Over” gjort av nederlandske Noisia. RSP og Joddski skal være klare med albumet i 2012 og du kan forvente noko:

…knallhardt og storslått. Mye grime-inspirerte greier, litt dancehall beats og dubstep, men aller mest fette fuckings hardcore rap fra 2 gamle baillhester. Akkurat det hiphop-Norge trenger i det emo, femi og Drake-biting er dagens meny.

Utgivelsar: Joddski, RSP

24
Jun

Kaptein på skuta – Omformatering vol.1

Kaptein på skuta har i dag slept sin “Omformatering vol.1″ på Prakka Records til gratis nedlasting og streaming. Dette er oppvarmingsplata til “Beyond Trønderdome” (med bla Torstein HYL, Lars Rubix med fleire) som kjem ut seinare i sommar.

Kaptein på Skuta – Omformatering vol.1 by kaptein

Plata har remix fra bla Endless, Xtatic, Marshtini, Badspit og har gjesteopptreden av Fremmed Rase, RSP, Sørsia Gerilja og Badspit

Kaptein på skuta: blogg, soundcloud

Utvigelsar: Kaptein på Skuta, RSP, Joakizmo, Badspit, Fremmed Rase,

29
May

RSP & Joddski i Torshovparken

I forbindelse med Oslo Sykkelfest 2011 spelte RSP og Joddski + Staalfroköst i Thorshovparken på laurdag 28.Mai. Lite publikum, vind og tendensar til regn, men dette lovar bra for konserten på Gamla neste helg: spar litt energi etter Musikkfest og møt opp!

Utgivelsar: Joddski, Tungtvann, RSP & Thomax

9
Mar

Bandcamp og digitale album

Thomax & RSP: Nordaførr EP

Eg har samla ein del norsk hiphop i forbindelse med databasen over norske utgivelsar, dette har resultert i ganske masse søk etter album eg ikkje har hatt informasjon om. Ein plass som aldri kom opp i desse søka var bandcamp, dvs: fram til eg fant “Nordaførr EP” av Thomax og RSP.

Ein ting med norske utgivelsar er at mangen (mixtapes/demo) blir slept digitalt  utan noko tanke på kvaliteten eller om folk faktisk har lyst å gi litt tilbake til artistane. Thomax og RSP har valgt å legge EPen ut på Bandcam i forskjellege format: her kan du få den i FLAC/MP3/OGG/AAC/ALAC ( litt usikker på om dette faktisk er default for alle utgivelsar ) og minsteprisen er 0,-

Eg har heile samlinga mi i FLAC, og å få utgivelsar i dette formatet gjer at eg enkelt gir litt pengar for albumet vist det held seg kvalitetsmessig (og det gjorde dette albumet) – og med ein mistepris på 0,- kan eg faktisk lytte på albumet før eg bestem meg for å betale for utgivelsen. Sjølvsagt: FLAC blir berre så bra som utgangspunktet, men har du utgivelsar som du uansett gir vekk gratis er dette eit meget bra alternativ.

“Nordaførr EP” (som blei slept så langt tilbake som 27.Oktober 2010) er ein godt produsert 6-spors EP av Thomax. RSP leverar igjen tekstemessig og favorittlåta må bli “Bikkjestil (ft. Supa Sayed)”. Supa Sayed har ei veldig distinkt stemme som treff meg meget bra (når kjem album fra ho?). Her er det berre å laste ned, uansett om du betalar for EPen eller ikkje. Men tenk litt på arbeidet som står bak å gi ut eit album/EP og gi nokre kroner til dei som fortjenar det.

Utgivelsar: ThomaxThomax & RSP
Twitter:  RSPThomax

RSP har denne veka og slept ei låt med TV2 Sporten, Tippeligapromo 2011  låta “Vinnersjel” med fiolinisten Ingrid Mehus.