Skip to content

Posts tagged ‘konsert’

4
May

Konsertar i Oslo

Mangen konsertar i Oslo om dagen:

Onsdag 4.Mai: G-Side med Chris Lee som oppvarming på John Dee

 

Fredag 6.Mai spelar Adam Tensta på John Dee

 

Laurdag 14.Mai spelar Jesse Jones på John Dee

 

16.Mai spelar Sugar Hill Gang Sentrum Scene

 

 

Send mail om konsertar der du bur til hiphopnorge[a]gmail.com

5
Mar

Jaa9 & OnklP konsert i går

Jaa9 & OnklP satte i gang norgesturneen sin på John Dee i går kveld.

Først ute var Faen Hell som etter litt tekniske problem spelte 1 låt. Deretter var det Pumba og Danny som stod for oppvarminga, desse to skal og være med rundt på turneen og varme opp på resten av konsertane. Pumba og Danny hadde eit tett program, leverte varene og fekk publikum varme i skjorta.

Her kom problemet under konserten: etter oppvarminga var det DJ og litt musikk (noko som ein vanlegvis har mellom setta), men det tok altfor lang tid før Jaa9 og OnklP kom på scena – utnytt oppvarmings bandet og kom på scena litt tidlegare – å vente i 15-20min er ikkje beste utnyttinga av publikum.

Når det er sagt: Jaa9 & OnklP leverte ein konsert som stort sett klarte å holde meg oppe gjennom heile settet, ikkje masse dødtid her nei! Mangen låtar fra “Lasse” blei spelt, “Sjåre brymæ”, “Bondegrammatikk” og “Glir forbi” fekk publikum med – appropos det: når “Noia” fra OnklP sitt soloalbum blei spelt, og heile John Dee satte i gang med allsang var det  magisk stemning i lokalet!

Under heile konserten var DJen på plass og kutta opp platene, godt å sjå at DJ er på plass! Ein liten ting: la DJen få skinne litt med eit eige sett – alltid kjekt å sjå kva DJen kan levere.

Midt uti settet kom sjølvsagt Pumba og Danny på scena og framførte “Stil” sammen med Jaa9 & OnklP. Jaa9 steppa inn sidan Chirag fra Karpe ikkje var tilstede og la eit nytt vers på låta.

“Geir” kjem ut 15.Mars og det var sjølvsagt premiere på eit par låtar derfra, fekk ikkje med meg tittelen på låtane, men dette lovar bra for den neste plata i “Lasse og Geir” serien.

Turneen går vidare på desse plassane:

18 Mars – Ungdomshuset Domino (Halden) & Tivoli Amfi (Moss)
19 Mars – Driv (Tromsø)
24 Mars – Sandvika storsenter
25 Mars – Union Scene (Drammen) og Martins (Lillestrøm)
31 mars – Hydranten (Hamar)01 April – Bingo’n (Lillehammer)
7 April – Total (Tønsberg)
14 april – Bodø Spectrum
15 April – Sinus (Bodø)
22 April – Trysil
28 April – Bergensfest

Kjenn di besøkstid og få deg billett til ein av desse konsertane, det er berre å møte opp!

Twitter: OnklP, Jaa9, Pumba
Utgivelsar:  Jaa9 & OnklP, OnklP, Pumba

 

3
Mar

Jaa9 & OnklP konsert

I morgon er det klart for Jaa9 & OnklP konsert på John Dee i Oslo. Dette er blir starten på deira norgesturne etter lanseringa av “Lasse” tidlegare i år, eit minialbum som er det første i ein serie på to: først “Lasse”, så “Geir” som kjem ut seinare i år. Håpar at fleire møtar opp en det var på EPMD konserten på Søndag (omtale av den konserten kjem om ikkje altfor lenge).

Oppvarming blir av Pumba og Danny, så forvent litt stil i morgon kveld!

 

På Twitter: OnklPJaa9Pumba

Utgivelsar: Jaa9 & OnklPPumba