Graff Wars – The root of all evil
I Gamlebyen i Oslo blei denne “Graff Wars” veggen laga i forbindelse med “Graff Wars” boka som kom ut på Kontur forlag i haust. Den er laga av Pay2, Kavao77 og Goal. Boka i seg sjølv er eit mesterverk vist du har sans for ein av dei følgande kombinasjonane: #1: Star Wars, #2: Graffiti, #3: Både Star Wars og Graffiti.
Vist du er i Oslo bør du ta turen bortom (sjekk kart på gulesider for lokasjon), dette er noko av det beste som er på ein vegg i Oslo i dag.
Vist du har Graffiti bilder som du vil ha presantert her på hiphop.no: send mail til hiphopnorge@gmail.com med bilder og informasjon.































