Bugge & Gatas
Bugge Wesseltoft samlar alltid ein dyktig gjeng sammen for å spele på The Organ Club, i går var det Gatas Parlament sin tur og Jester & Don Martin stilte på scena sammen med Jacob Young på gitar og Charles Mena på trommer. Som alltid masse god musikk, og Gatas fekk brynt seg på eit liveband – dette kan dei absolutt ta med vidare på framtidige konsertar. Eg veit ikkje kor mykje øving det har blitt tid til for denne gjengen, men det var ein stor suksess!
Det var plass til mangen fleire på Cosmopolite, så hold utkikk etter neste Organ Club!
Don Martin – Verdisett (Enkle Tips & Huskeregler)
“Verdisett” fra “Dette forandrer alt” plata som Gatas Parlament kom ut med i fjor har fått ein god-video der du bla. kan sjå Tommy Tee og Don Martin spraye og få eit glimt av verdens nest største piece. Låta var i utgangspunktet fra Don Martin sin del av Gatas Paralament sitt tredelte album (men dette tok som kjent ei litt anna vending) som du kan lytte på eller laste ned fra donmartin.no eller rett under her:
Regi av Simon Compagnet, produsert av Tommy Tee
Utgivelsar: Don Martin, Gatas Paralament
Gatas Parlament – Anno
Gatas Parlament er ute med musikkvideo til “Anno” fra “Dette Forandrer Alt” som kom ut på Tee Productions tidlegare i år.
Musikk video laget av: Michael Angeles (http://www.akam1k3.com /http://www.twitter.com/akam1k3)
Utgivelsar: Gatas Parlament, Jester, Don Martin, Jester & Don Martin
National Cypher
Første del av National Cypher er i dag ute, prosjektet til Jae-R har samla ei rekke med norske artistar til cypher, først ute er Don Martin, Karpe Diem, Pumba og Jae-R. Cypher formatet på video er mest kjent (iallefall mest profilert) dei siste åra gjennom BET sin cypher serie, og å sjå dette med norske artistar er noko du bør få med deg. Personleg synst eg Don Martin tok den her heim med eit rått vers. Jae-R har fått med seg Nasty Kutt på beats og produsert ein meget flott video!
Dette er første i ein serie på 3stk så her er det berre å følge med, fett!
Utgivelsar: Don Martin, Karpe Diem, Pumba, Nasty Kutt,
Også dekka på: kingsize og 730.no








