Skip to content

Posts from the ‘Omtale’ Category

4
Apr

Rissimo

Rissimo har nettop kom ut med ein ny video for “Hetro Spytting” fra “Karlsen presenterer Rissimo”, i forbindelse med den er det og ein konkurranse i gang på spirit du bør få med deg der du kan vinne 5 timer i studio med Rissimo og Karlsen.

Albumet kom ut i 2010, er produsert av Karlsen og co-produsert av Rumblin. Karlsen leverar eit knippe med meget bra produserte låtar (og rim) – dette er ein produsent eg eigentleg ikkje hadde høyrt masse av før i fjor, men med låtar som “1981″, “Får meg til å”, “Hetro spytting” og “Ikke no seriøst” er lydbildet på plata gjennomført: den her plata passar perfekt å køyre rundt og sjå på byen.

Rissimo leverar eit godt album, han har ei distinkt stemme og får tekstane til å flyte – høyr feks. på “1981″, ein av favorittane på denne plata der stemma og teksten til Rissimo passar perfekt til beaten. Rissimo er ein spennande artist og med “Jaggu 2″ på veg i løpet av sommaren er dette ein person du bør følge med på.

Er usikker på kvar albumet er å få kjøpt, men ta kontakt med Rissimo eller Karlsen så er det sikkert mulighet å få tak i eit eksemplar.

Rissimo.com, Rissimo utgivelsar, Karlsen sine utgivelsar med Kaza, Rissimo på twitter, Karlsen på twitter

 

2
Apr

Bad Spit: Arkana

Bad Spit: Arkana

Bad Spit er i desse dagar ute med nytt album: “Arkana” på Gatesyndikatet der tekst, produksjon, miksing og mastering er gjort av Bad Spit sjølv – ein sjeldan kombinasjon å ta heile albumet fra start til slutt på denne måten! Albumet er 100% Bad Spit, ingen gjesteartistar, bortsett fra Trude Katrine Wold på sang på nokre av låtane. Albumet eg har fått tak i her er i eit begrensa opplag med eit 20-siders teksthefte. Meir informasjon om bestilling av albumet kan du få på Gatesyndikatet bloggen.

Bad Spit har ein grei utgivelses katalog fra før, men har med dette albumet tatt steget vidare vist eg ser på det han har gitt ut før. Dette er eit meir gjennomført album når det gjeld produksjon – kanskje ikkje dei store krumpsringa når det gjeld utfoldelse i produksjonen (noko eg godt kunne tenkt meg meir av), men det som er her er godt gjennomført. Lydbildet passar godt til tekstane og stemma til Bad Spit – det er melodisk med runde og gode beats. Ein ting som står fram er bruken av streng-instrument i ulike format gjennom heile albumet.

Denne versjonen av albumet har teksthefte inkludert – dette er noko eg ofte savnar når det gjeld Rap, no når masse musikk kun kjem ut digitalt er det godt å kunne sette seg ned med eit cover og lytte gjennom album mens ein fokuserar på teksten. Dette gjer iallefall at eg får eit heilt anna inntrykk en å ikkje ha det.

Bad Spit leverar gode tekstar, flyten og rima har heva seg i kvalitet fra tidlegare og det manglar ikkje på både samfunnskommentarar om dei rike og dei med makt, refleksjonar på livet og til tider filosofiske utleveringar. I omslaget står det og: “Denne utgivelsen går ut til alle som søker høyere innsikt og sannhet”

Eg har fått høyrt gjennom albumet eit par gangar og følgande står no fram som låtar ein bør få med seg: Vandrer, Gi Slipp, Disinfo, Treng Itj.

Eit godt gjennomført album, dette er det berre å få tak i. Releaseparty blir laurdag 9.April i trondheim (facebook event)

“vi e blind som en sau med mekanisk fornuft/
om en ekte tanke oppstår bare lar vi den rust”

27
Mar

Faen Hell: Punchlines, pendling & psykotiske øyeblikk


Faen Hell, tidlegare Rasshølet Fra Løten ga denne veka ut sin nye tape: “Punchlines, Pendling & psykotiske Øyeblikk” som er tilgjengleg for gratis nedlastingdirtymusic.no (den skal og være mulig å få tak i på CD). Dette er ei samling av låtar Faen Hell har slept gratis kvar laurdag i vinter i tillegg til nokre nye låtar. Release konsert for plata blir helga 14-16 April i Oslo, Hamar og Lillehammer.

Denne utgivelsen er og eit lite jubileum  her på hiphop.no:  det er utgivelse nummer 750 som er registrert i den norske hiphop databasen!

Faen Hell har eit meget distinkt stemme som gjer han lett å kjenne igjen, det er litt uferdig over nokon av låtane her, men desse synst eg at du bør høyre på:

  • Liniemusikk
  • Ta det videre
  • Skoa Mine
  • Ei krone

Faen Hello: dirtymusicmyspace, urørt, kingsize, utgivelsar

Ein liten ting som irriterar meg (og det her gjeld ganske mangen andre utgivelsar og): vist du gir ut noko digitalt – ta ein ekstra kikk på at ID3 tagginga er korrekt på alle spora! Spor 13 her hadde feks. ikkje tracknumber og eit av spora hadde eit mellomrom ekstra i albumtittel slik at den kom opp som eit separat album i iTunes.

14
Mar

Gateplate fra Gatas

Gatas Parlament har gitt ut ny gratis plate i dag: “Gateplata” som du kan laste ned på gatasp.no

Plata, som er komt ut i samarbeid med kingsize, er ei samling med nye låtar, remixar og ymse andre låtar som kan nytast i ventetida på triologien som skal komme i løpet av 2011.

 

Godlåtar:

  • Stil Remix – ein av mangen variantar av denne Nasty Kutt produksjonen
  • Bli i Hagen (prod Tommy Tee) – denne kom kjapt etter Hagen sine planar om å stille til valg igjen
  • Oslo Dyrehage ft. El Axel og Danny  (RIP ODB) – kjekt å høyre El Axel igjen
  • Skoletime (prod Jester) – likar produksjonen til Jester her

“Det er ikke remix, det er resirkulering”

Intervju med gruppa her på adressa.

Utgivelsar: Gatas Parlament, Tommy Tee, Jester, El Axel

9
Mar

Bandcamp og digitale album

Thomax & RSP: Nordaførr EP

Eg har samla ein del norsk hiphop i forbindelse med databasen over norske utgivelsar, dette har resultert i ganske masse søk etter album eg ikkje har hatt informasjon om. Ein plass som aldri kom opp i desse søka var bandcamp, dvs: fram til eg fant “Nordaførr EP” av Thomax og RSP.

Ein ting med norske utgivelsar er at mangen (mixtapes/demo) blir slept digitalt  utan noko tanke på kvaliteten eller om folk faktisk har lyst å gi litt tilbake til artistane. Thomax og RSP har valgt å legge EPen ut på Bandcam i forskjellege format: her kan du få den i FLAC/MP3/OGG/AAC/ALAC ( litt usikker på om dette faktisk er default for alle utgivelsar ) og minsteprisen er 0,-

Eg har heile samlinga mi i FLAC, og å få utgivelsar i dette formatet gjer at eg enkelt gir litt pengar for albumet vist det held seg kvalitetsmessig (og det gjorde dette albumet) – og med ein mistepris på 0,- kan eg faktisk lytte på albumet før eg bestem meg for å betale for utgivelsen. Sjølvsagt: FLAC blir berre så bra som utgangspunktet, men har du utgivelsar som du uansett gir vekk gratis er dette eit meget bra alternativ.

“Nordaførr EP” (som blei slept så langt tilbake som 27.Oktober 2010) er ein godt produsert 6-spors EP av Thomax. RSP leverar igjen tekstemessig og favorittlåta må bli “Bikkjestil (ft. Supa Sayed)”. Supa Sayed har ei veldig distinkt stemme som treff meg meget bra (når kjem album fra ho?). Her er det berre å laste ned, uansett om du betalar for EPen eller ikkje. Men tenk litt på arbeidet som står bak å gi ut eit album/EP og gi nokre kroner til dei som fortjenar det.

Utgivelsar: ThomaxThomax & RSP
Twitter:  RSPThomax

RSP har denne veka og slept ei låt med TV2 Sporten, Tippeligapromo 2011  låta “Vinnersjel” med fiolinisten Ingrid Mehus.