Skip to content

Posts from the ‘Databasen’ Category

9
Aug

1000 norske utgivelsar

Databasen med oversikt over norske hiphop utgivelsar har i dag kryssa 1000 utgivelsar!

Etter at den kryssa 800 utgivelsar tidlegare i sommar kom eg opp i 840 utgivelsar før eg starta å legge inn Øyvind Holen si liste over norske hiphop utgivelsar som hiphop.no arva tidlegare i sommar. Eg har no lagt inn 170 utgivelsar fra den lista inn i den norske hiphop databasen og den har no kryssa 1000 utgivelsar. Det faktiske nummeret er 1009, men eg trur det er nokre duplikatar inni der ein plass. Det er og nokre utgivelsar som eg er usikker på om faktisk har komt ut sjølvstendig eller som ein del av ein CD, dette skal eg prøve å ordne opp i.

Eg starta jobben med denne databasen for mangen år sidan og har brukt ein del tid på den, alle eg har prata med var sjokkert når eg nevnte at den kom til å krysse 600 utgivelsar – no trur eg det faktiske antallet vil nærme seg 1200 når alt fra Øyvind Holen si liste og oppdatert informasjon fra bla. discogs er lagt inn.

Treng hjelp

Eg jobbar stort sett med denne databasen aleine, så eg treng litt hjelp: vist alle som har gitt ut noko kan gå inn på si side og sjekke at alt er korrekt (du kan redigere alle utgivelsar og legge til nye sjølv), evt. sende meg informasjon/cover/track liste på hiphopnorge[a]gmail.com så hadde dette vært til stor hjelp.

Nytt

Ein ny ting har blitt gjort i databasen: på artistsida (ex: tungtvann) er no alle album vist med all informasjon, du slepp å klikke på tittelen for å hente denne informasjonen (dette må du fortsatt gjere på store lister som feks. CD lista).  Du kan og linke direkte til eit album, ex: Studio Time

Framover

Eg har eit par planar no når vi har komt over 1000 utgivelsar om andre ting som bør listast:

  • Graffiti magasin
  • Bøker
  • DVD
  • Graffiti namn
  • Link fra ei gruppe til anna gruppe basert på tilhørighet (ex: “NN” er og medlem av gruppe “X”)
  • Youtube videoar

Er det andre ting du synst høyrer heime i ein norsk hiphop database?

 

Takk til alle som har gitt ut ei plate eller på andre måtar deltatt for å bring norsk hiphop vidare!

 

 

 

 

 

 

20
Jun

Siste 10 i hiphop databasen

Siste 10 utgivelsar i den norske hiphop databasen, no 810 utgivelsar:

Joddski: (Sett På No’) Eazy-E

Rissimo: Jaggu 2

Faen Hell: Sjukmeldt

Delario & Area: The Extras Mixtape

Buck & Del: Weakdays & Weekends

Dj Kaffka: Klimaendringer

Rytmedykker: Lasse Maskot EP

DJ Kaffka: APRMT’s Sommerkassettt – Morro i Baksetet

Jae-R: The Grand Opening

Jae-R: Most Wanted

12
Jun

#800

hiphop.no starta med utgangspunkt i å bygge opp ein database over norske hiphop utgivelsar, du kan lese litt meir om dette under “Om“. Sakte, men sikkert, har eg lagt til nye, og gamle, utgivelsar til databasen (og utvida den med bla. #norskehiphopøyeblikk), og i dag er utgivelse nummer 800 lagt til: “Blue Poetry” av Blue Poets.

Når eg starta arbeidet med å samle norske hiphop utgivelsar hadde eg ikkje trudd at eg skulle ende opp med 800 så fort, men eg trur no at det reelle tallet er nærmare 900 – det er fortsatt mykje som ikkje er registrert og som er på veg inn i oversikta.

 

Utgivelsen som blei nummer #800 her på hiphop.no er “Blue Poetry” av Blue Poets, ei gruppe fra Sogn Og Fjordane. Utgivelsen blei spelt inn for ganske nøyaktig 17år sidan (20-21 juni 1994). Den er desverre ikkje å få tak i lenger, men eg legg her ut eit par bilder av den.

 

Hiphop-Hoder

Øyvind Holen er journalist, kritiker, forfatter og redaktør med mangen bøker om bla. hiphop bak seg, mest kjent er “Hiphop-Hoder” fra 2004.

I forbindelse med boka laga Øyvind ei oversikt over norske utgivelsar, denne fekk eg for ei tid tilbake forespørsel om å ta over og å innlemme i oversikta som er laga her på hiphop.no. Etter jobbing med utgivelsar eg har hatt liggande vil eg no starte å gå over den store lista som Øyvind har laga og legge til det eg ikkje har registrert tidlegare. Stor takk for denne lista, eg trur no at vi kan nærme oss 900 utgivelsar raskt!

Korleis kan du hjelp?

Oversikta over utgivelsar tell no over 800, men det er fortsatt mykje som du kan hjelpe til med: det er feks. mangen demoar fra tidlegare tider som ikkje er registrer og som eg ikkje har ein oversikt over, nyare utgivelsar, digitale utgivelsar som eg ikkje veit om, mixtapes etc. Du kan sjølv gå inn og legge til utgivelsar her, eller sende meg ein mail på hiphopnorge[@]gmail.com

Det er ikkje nødvendigvis heile utgivelsar du kan hjelpe med: årstall, format, spor, plateselskap etc. er og interessant å få tak i og vil hjelpe til for å få laga ein komplett oversikt over norske hiphop utgivelsar.

Vist du er ein artist: gå til artist sida og sjekk om alt du har gitt ut er på plass. Vist du gir ut noko nytt: send meg ein epost på hiphopnorge[@]gmail.com eller legg inn utgivelsen sjølv

Vist du har eit plateselskap: gå til selskap sida og sjekk om alt er på plass

Veka som gikk

Hugs å få med deg “Veka som gikk” – ei oppdatering kvar veke om kva som skjer i norsk hiphop

Din eigen blog på hiphop.no

Heilt til slutt: hugs at du kan sjølv gå inn og lage din eigen blog her på hiphop.no, gå til denne registrerings sida og du kan være oppe og gå på få minutt (du vil få ei addresse som ser slik ut: dinblog.hiphop.no)

 

12
Jun

Hiphop databasen: siste lagt til

Det kan være vanskeleg å halde oversikt over kva som er lagt til i hiphop databasen så eg har lagt opp ei ny side i dag: “Siste“, som vil vise dei siste 30 utgivelsane som er lagt til i databasen.

No skal du få sleppe å leite rundt om kring for å få med deg kva som skjer!

17
May

780 utgivelsar i databasen!

Oversikta over norske hiphop utgivelsar nærmar seg no 800! Denne veka har antallet komt opp i 780, og her er dei siste som er lagt til:

Som du ser så manglar det album cover og spor tittel på mangen av desse: vist du har informasjon: send epost til hiphopnorge(a)gmail.com eller rediger utgivelsane slik at vi får på plass mest mulig informasjon.