hiphop.no tilbake
Da er hiphop.no tilbake på lufta etter nokre dagar med nedetid pga. ein litt ivrig hacker som absolutt måtte ødelegge serveren min. Men: hiphop.no er tilbake, no på facebook og klar for feedback på hiphopnorge[a]gmail.com, kva skjer?
1000 norske utgivelsar
Databasen med oversikt over norske hiphop utgivelsar har i dag kryssa 1000 utgivelsar!
Etter at den kryssa 800 utgivelsar tidlegare i sommar kom eg opp i 840 utgivelsar før eg starta å legge inn Øyvind Holen si liste over norske hiphop utgivelsar som hiphop.no arva tidlegare i sommar. Eg har no lagt inn 170 utgivelsar fra den lista inn i den norske hiphop databasen og den har no kryssa 1000 utgivelsar. Det faktiske nummeret er 1009, men eg trur det er nokre duplikatar inni der ein plass. Det er og nokre utgivelsar som eg er usikker på om faktisk har komt ut sjølvstendig eller som ein del av ein CD, dette skal eg prøve å ordne opp i.
Eg starta jobben med denne databasen for mangen år sidan og har brukt ein del tid på den, alle eg har prata med var sjokkert når eg nevnte at den kom til å krysse 600 utgivelsar – no trur eg det faktiske antallet vil nærme seg 1200 når alt fra Øyvind Holen si liste og oppdatert informasjon fra bla. discogs er lagt inn.
Treng hjelp
Eg jobbar stort sett med denne databasen aleine, så eg treng litt hjelp: vist alle som har gitt ut noko kan gå inn på si side og sjekke at alt er korrekt (du kan redigere alle utgivelsar og legge til nye sjølv), evt. sende meg informasjon/cover/track liste på hiphopnorge[a]gmail.com så hadde dette vært til stor hjelp.
Nytt
Ein ny ting har blitt gjort i databasen: på artistsida (ex: tungtvann) er no alle album vist med all informasjon, du slepp å klikke på tittelen for å hente denne informasjonen (dette må du fortsatt gjere på store lister som feks. CD lista). Du kan og linke direkte til eit album, ex: Studio Time
Framover
Eg har eit par planar no når vi har komt over 1000 utgivelsar om andre ting som bør listast:
- Graffiti magasin
- Bøker
- DVD
- Graffiti namn
- Link fra ei gruppe til anna gruppe basert på tilhørighet (ex: “NN” er og medlem av gruppe “X”)
- Youtube videoar
Er det andre ting du synst høyrer heime i ein norsk hiphop database?
Takk til alle som har gitt ut ei plate eller på andre måtar deltatt for å bring norsk hiphop vidare!
Oslo
Tankane går ut til dei omkomne og dei som sitt igjen etter bombinga i Oslo og skytinga på Utøya.
Siste 10 i hiphop databasen
Siste 10 utgivelsar i den norske hiphop databasen, no 810 utgivelsar:
Joddski: (Sett På No’) Eazy-E

Rissimo: Jaggu 2

Faen Hell: Sjukmeldt

Delario & Area: The Extras Mixtape

Buck & Del: Weakdays & Weekends

Dj Kaffka: Klimaendringer
Rytmedykker: Lasse Maskot EP
DJ Kaffka: APRMT’s Sommerkassettt – Morro i Baksetet
Jae-R: The Grand Opening

Jae-R: Most Wanted
Veka som gikk 2011: veke 24
Veka som gikk i norsk hiphop fra 13.19 juni 2011
- Gatas Parlament fortsett med junikalenderen sin med mangen låtar
- Rebekka B og Son of Light video
- Video til Emire og Lillebror: Invitert
- Video til Danny & Pumba: Dagdrømmer
- Dj Shadow var ein tur innom hovedstaden
- Breake-jam i Oslo
- Evig Poesi er i studio med Conurbia
- Bassfare på rådhusplassen
- Video fra Herreløse sin konsert
- Xplosif festival i Stavanger
- Danny & Pumba er på turne med Emire og Lillebror
- Video til Folkefiender: Stjernesyk
- Joddski lanserte ein heil EP Med Eazy-E remixes



